Quiltekveld 29.09 kl 18 – 22 på Gaupne barneskule

 

Dørane opnast kl 18.00.

Tema: Bosspose med nålepute ved Margrete.

Det blir demo korleis denne skal syast ca kl 19.00 pga at Margrete ikkje har moglegheit å komme før.

Ta med til Bosspose:

2 stoff a 30 cm  eit stoff til ytterstoff og eit til innerstoff, bordvatt, ca 15 cm borrelås, fuglesand el kattesand til bruk inni nålepute, ein bit antiskli til undersida( antiskli- slik ein brukar under tepper for å holde dei på plass, trur ein kan få kjøpe dette på jysk),50 cm stivt band til øvre kant av bossposen( kan bruke slike band som er rundt pakkar). Sysaker og symaskin.

Eige arbeid.

Håpar du kjem og syr med oss denne kvelden.

Vel møtt.

Mat:

 

Regiontreff for Sogn og Fjordane 10. april i Førde

Førde quiltelag inviterer til regionteff for Sogn og Fjordane 10. April på Førde barneskule.

Førde barneskule ligg sentralt til i sentrum, rett nedanfor kyrkja. Det er gode parkeringstilhøve. Adressa er: Elstervegen 1, 6800 Førde.

Treffet statar kl 10.00 med registrering og avslutting kl. 17.00.

Trine Bakke frå Lappemakeriet held inspirasjonsforedrag kl 12.00.

Middag kl 13.30

Utstilling og loddsal er noko av det som står på progammet.

Det er også ulike lappebutikkar ein kan handle hjå på treffet.

Deltakaravgift kr. 250 kr vert betalt ved registrering frå kl 10.00 under treffet.

Bindande påmelding innan 15. Mars til Førde quiltelag v/ Turid Førde Solheim, Langhaugane, 6847 Vassenden.

e-post: tuf.so@hotmail.com

 

Kurs med Helle Løvenskiold 22 – 24.01.16 på Gupne skule

Hunter star teppe
Hunter star teppe

Helle Løvenskiold held kurs i Lemoyne Star linjal og Hunter Star linjal på Gaupne skule 22-24.01.16.

Kurset startar fredag kl 17.00 og blir avslutta søndag kl 15.00.

Fredag 22.01. kl 17- 21

Laurdag 23.01. kl 10-17

Søndag 24.01. kl  09-15

Det blir servert mat alle dagane.

Kurset er ikkje nybegynnar kurs, så det krev at du beherskar grunnleggande sykunnskap.

Kurs avgift:

Medlemmar i Luster Quiltelag kr 1000

Ikkje medlemmar kr 1300.

Det er begrensa med plassar, så her er det første mann til mølla. Der medlemmane av Luster quiltelag går føre ikkje medlemmar.

Bindande påmelding til Audhild på sms til 95 94 83 20 eller på e-post Audhild.Aspelund@sogndal.kommune.no

Innan 15. desember.

Hunter star
Hunter star
Lemoyne Star
Lemoyne Star