Quiltekveld 31.aug kl. 18.00

Quiltelaget skal ha stand på strandsitjardagane i Solvoren laurdag 23.sept frå kl. 10.00.

I samband med det samlar me oss torsdag 31. AUG  kl 18.00 på Gaupne barneskule for å sy små ting som me kan nytte som gevinster til lynlotteriet vårt, og noko til utstilling evt. til salg. Me tenkte å sy flettakorger, snopeskåler, bøtter, serviettholdarar og sakseetui. Ta med symaskin OL, quiltelaget har stoffa.

Håpar de har anledning til å møte og hjelpe oss med å sy denne kvelden. Det vert ikkje mat, viss du vil ha mat tek du denne med sjølv, me kokar kaffi og te.

På laurdag 23.sep treng me fleire til å vere på standen vår utover dagen, har du anledning å delta er det fint om du gir beskjed til Carla om du kan og kva tidspunkt på dagen du kan vere der.

Har du ting til utstilling eller utloddinga evt. salg, gi beskjed til Carla eller Audhild.

Carla kan treffast på telefonnr 91399438,

Audhild på 95948320