Sying på Hafslo førstkommande Torsdag

Vil med denne nydelege 17.mai løparen som Oddlaug har sydd, minne om syen no på torsdag 29.april kl 18.00 på Hafslo (gamle vidaregåande)👍👍👍.
Nye og gamle medlemmar er velkomne✂️.
Om du ikkje syr og berre vil innom å sjå, så er du hjerteleg velkommen 👍✂️.

Tema: eige arbeid….syr du klær, lappeteknikk, bunad eller andre ting, så kom å bli med å skap eit symiljø i kommunen👍✂️

2 ledige plassa!!!

Kun 2 plassar igjen til syhelga 27- 29 august på Eikum Hotel på Hafslo✂️✂️✂️✂️😻.

Dette er eit koseleg og enkelt stjernemønster der du kan lage blant anna små brikker, løparar eller tepper.

Merete viser her eit teppe i denne enkle teknikken som du som er heilt nybegynnar også vil få fint til. 👍✂️. Bli med på syhelga og Merete viser deg👍✂️.

Betale 1500 kr for medl eller 1700 kr for ikkje medl. til kontonummer
3785 12 47352 i dag😃😃😃

Quiltehelg på Hafslo

Hurrrra, dette kan du ikkje gå glipp av✂️!!!! Påmeldinga er godt igang!!!!!!! Syhelga er for alle, også for deg som ikkje er medlem av quiltelaget👍✂️

Det vert syhelg på flotte Eikum Hotel på Hafslo helga 27. 28. og 29 august 2021.👍👍
Denne gongen er me så heldige å få Merete Ellingsen frå sy.no og quilteloftet på besøk👍Ho tek med butikken og det vert mange ulike demonstrasjonar gjennom helga✂️.

Folded corner clipper demo

Me syr enkle ting så velkommen til nybegynnarar, men om du vil starte på større prosjekt, så er det fullt mogeleg👍✂️.
Her er noko for alle👍👍👍

Merete er ein resar på å quilte små og store prosjekt, samtidig som ho kan mange enkle teknikker som ho gjerne vil vise oss✂️.Me håpar på å få produsert masse fint denne helga👍✂️.
Det som er nytt denne gongen er at det ikkje er lagt opp til ei kurshelg, men ulike demonstrasjonar til ulike tider. Demonstrasjonane kan du følge både på storskjerm og på din eigen mobil. Du bestemmer sjølv om du vil delta på den enkelte demonstrasjon, eller du vil stå over. Denne helga kan du altså få mange nye tips og idear om du blir med, men dei ulike demonstrasjonane bestemmer du sjølv om du vil følgje med på✂️👍.

Merete har med heile butikken som bugnar av flotte stoff, linjaler, små duppedittar, tråd og mange, mange modellar, så dette berre MÅ du få med deg✂️✂️✂️.

Me startar fredag 17- 21, laurdag 09- 18 og søndag 09-15. Laurdagen kan du sy til kl 24.00 på hotellet✂️😉👏. Dørene opnar ca 16.00/16.15.

Det vert god mat alle dagar, kaffimat, lunsj, frukt, noko søtt, middag både laurdag og søndag, i tillegg får du også fri tilgang på kaffi og te heile helga. Koronareglane er ivaretatt👍👍✂️.

Pris er 1500 kr for medl og 1700 kr for ikkje medl. Her er det første mann (kvinne) til mølla prinsippet👍✂️.
Dette er ein knallpris, dette inkluderer kurset og all maten på hotellet👍👍.

Kontonummer: 3785 12 47352, bindande påmelding! Dersom kurset vert avlyst pga korona, så vil du få refundert avgifta frå quiltelaget👍.

Det vert lotteri, 10 kr pr lodd, veldig kjekt om du vil bidra med gevinstar✂️✂️✂️. Det vert også overraskelsar….😉

Dette er ei parafymefri kurshelg, matallergiar må du melda inn til Eikum hotell👍.

Det er gode prisar på overnatting på hotellet, du kan booke direkte med Eikum Hotell på 57680600👍Dersom du ynskjer, så kan du bestille mat laurdagskvelden, her tek me ein opptelling fredags kveld😉

Velkommem til ei triveleg syhelg på Eikum Hotel på Hafslo👍✂️

Nb! Bilda som ligg ved er frå Merete og quilteloftet, sjå desse fantastiske modellane du kan lære deg å sy denne helga…

Quiltehelg på Hafslo

✂️Dette nydelege teppet til Meretes Quilteloft, kan du lære deg å sy på Eikum Hotel i Hafslo helga 27.-29.august👍. Teknikken kan nyttast til mindre prosjekt også😉
Påmeldinga er godt i gang✂️ Betal 1500 kr for medl eller 1700 kr for ikkje medl til konto nummer : 3785 12 47352✂️

Nb! Prisen inkluderer nydeleg mat, kaffi og te heile helga👍✂️

NB: Berre 4 plassar igjen!!!!

Sykurs på Hafslo 10-12 januar 2020.

Hei, då opnar me for påmelding til kurshelga 10-12 januar på Hafslo barne- ungdomsskulen (fredag, laurdag og søndag) 2020 Luster quiltelag sitt kontonummer er: 3785 12 47352.sjå www.lusterquiltelag.no si heimesida for meir info vedr.medlemsskap. Du melder deg på kurs 1, kurs 2 eller kurs 3.

FRIST FOR PÅMELDING ER 19.DES 2019.

Kurs 1 med Mona Rosvold Bauge; Oldemorsruter

Dette er eit kurs for nybegynnarar der du lærer å sy denne enkle blokka som kun er sydd med rettsaum av oppkutta kvadrat. Enkelt og så blir det såååå flott!!
Det er ei vakker og stilrein blokk ein syr mange av og setter saman, som liknar ei heklerute som i eit ekte oldemorsteppe.

Du vil få hjelp til alt av fargevalg, sammensying og ferdigstilling.

Nb! Om du ikkje vil sy teppe så kan du sy løpar, pute eller eit lite babyteppe i dine fargar.

Kurset har begrensa antall plassar, det er bindande påmelding og kurset kostar 1100 kr for medl. Og 1300 kr for ikkje medl. Betalt kursavgift = påmeldt. Etter betalt kursavgift, så vil du motta meir info om kurset.

kursavgifta dekker 15t kurs på Hafslo barne-og ungdomsskule og eit inspirasjonsføredrag av begge kursholdarane i vakre Bestebakken laurdags kveld. Kursholdarane vil vise nydelege modellar og komme med mange gode tips i Bestebakken denne laurdagskvelden.
Det vil bli servert nydeleg god kveldsmat i Bestebakken til 290 kr, dette kjem i tillegg og kan betalast saman med kursavgifta.

Dersom du treng overnatting denne helga så har Bestebakken gitt oss eit skikkeleg quiltetilbud på kr 1290 kr pr pers inkl frukost laurdag og søndag
Kursholdarane vil også bli buande her og det er i Bestebakken me samlast laurdags kvelden.

Gå inn på www.bestebakken.no og sjå dei vakre og nostalgiske romma du no har mulegheit for å oppleva denne syhelga

Kurs 2 med Merete Ellingsen

På dette kurset lærer me å quilte med linjaler. Linjalane vert opplevd som enklare å quilte med enn vanleg frihandsquilting, det er superkjekt og morosamt. Det er eit kurs der me syr ein stor «prøvelapp», og me lærer oss korleis me enkelt kan gi det vi syr eit heilt anna uttrykk.

Gå gjerne inn på www.sy.no og sjå/få litt tips og inspirasjons til kurset. Dette er eit nybegynnarkurs for korleis quilte med linjaler og linjaltrykkfot til maskina er nødvendig. Merete har laga ein startpakke med linjaler som ho selger før kursstart.

Dette kurset kostar 1100 kr for medl og 1300 for ikkje medl. Inkl insprasjonsføredrag i vakre Bestebakken. Kveldsmat på 290 kr kjem i tillegg og kan betalast med kursavgifta. Her er det begrensa antall plassar!!!
Linjalfot/trykkfor kostar 490 kr og eit sett med linjalar 965 kr. Dette har kursholdar med

Begge kursa har bindane påmelding og det er førstemann til mølla -prinsippet.

Kurs 3 med Mona Rossvold Bauge

Det vert også eit kortare kurs i log-cabin linjal laurd/sønd om nokon er interessert. Det er nok med 2-4 deltakarar, så her får ein god hjelp😊. Kursavgift kr. 700 for medlemmer, 850 for ikkje-medlemmar.
Betal til kontonr., og merk med kurs nr. 3.

Det vert servert nydeleg biffgryte laurdagen under kurset samt kaffi/te , kaker og frukt. Søndagen et me restar og sper på etter behov. Men hugs å ta med ei lita nista fredags kvelden. For spørsmål ring 48141645.

Tidspunkt:
Fredag kl 17-21
Laurdag 10-17, Bestebakken 18- 21
Søndag 10-15

Håpar å sjå deg på kurs

Aktivitetsplan hausten 2019

Hafslo 26.09: Eige arbeid .

Gaupne 10.10: Eige arbeid.

Kurs 18-20 oktober på Hafslo.

Hafslo 31.10: Eige arbeid.

Gaupne 14.11: Demo av sidelinjal av Trude og eige arbeid.

Hafslo 28.11: Karita viser korleis ein syr julestjerner.

God jul.

Kurs 10- 12 januar 2020.

Hafslo 30.01.2020: Årsmøte og eige arbeid.