Sykveld i Gaupne på barneskulen torsdag 12.04 kl 18.00 – 21.00.
Ta med det du syr om det er kle, bunad eller lappeteknikk og kom og bli med oss denne kvelden.
Ta med det du vil ete, me kokar kaffi og te.
Velkomen
Sykveld på Hafslo i kantina på skulen kl 18.30.
Ta med det du syr på og kom.
Hugs innesko.
Me kokar kaffi og te, det du vil ete tek du med sjølv.
Velkommen.
Sykveld i Gaupne på Gaupneskule torsdag 8.mars frå kl 18.00
Ta med det du syr på om det er quilt eller klær, velkomen er du uansett.
Ta med det du vil ete, me kokar kaffi og te.
Nye og gamle medlemar velkomne.
Quiltekvelden på Hafslo den 15.02 utgår pga storforeldremøte for Solvorn og Hafslo skule. Kantina skal nyttast til dette formål, slik at quiltelaget må gi frå seg ka tina denne kvelden.
Hugs quiltekvelden i Gaupne den 08.02 kl 18 00
På årsmøtet blei det bestemt at me skal prøve med 2 sykveldar pr mnd. Det blir quilting i Gaupne på barneskulen andre torsdag mnd. Kl 18.00.
Datoar i Gaupne blir;
8 februar, 8 mars, 12 april, 24 mai.
Siste torsdag i mnd blir det sykveldar på Hafslo barne og ungdomsskule i kantina frå kl. 18.30. Ta med innesko.
Datoar på Hafslo blir;
15. Februar, 22 mars, 26 april, 31 mai.
Tema på kveldane er eige arbeid. Ta med mat. Me kokar kaffi og te.
Me syr i lag, om du quiltar eller syr andre ting med maskin er du velkommen til å vere med.
Velkommen til nye og gamle medlemmar.
25. Jan: Årsmøte på Hafslo barne og ungdomsskule kl 18.00.
Vanlege åtsmøtesaker.
3 i styret er på valg i år. Fint om dei som er interessert å overta gir beskjed snarast. Dersom det er liten eller ingen interessr for styreverva, må vidare drift av quiltelaget vurderast på årsmøtet.
Mat: quiltelaget
Vel møtt.
Siste quimtekveld før jul blir 23. Nov kl 18 på Gaupne barneskule. Merk at det er nestsiste torsdagen denne mnd, og ikkje siste.
Tema: Eige arbeid.
Ta med deg den maten du vil ete, så kokar me kaffi og te.
Set av denne kvelden og kom og sy i lag med oss.
Quiltebutikken ved Anne Kari har leigd heile Park Hotell på Voss helga 2-4 februar og arrengere syhelg, der du kan sy frå fredag til søndag med likesinna.
Luster quiltelag har bestemt at medlemmar som vil reise til Voss på syhelg får dekka kr 1000.
De må sjølv melde dykk på og betale heile summen, så får det etterbetalt 1000 kr frå quiltelaget.
Gå inn på sida til www.quiltebutikken.no og les meir om helga og meld deg på. Når du kjem inn på sida til quiltebutikken, trykk på meny og scroll deg ned til informasjon om syhelg.
Frist for påmeldinga er 31.10, så ikkje dryg med å melde deg på.
Til alle som har meldt seg på kurs, ber me om at du betalar inn kursavgifta snarast og seinast innan 13.okt. Sidan det er bindande påmelding blir kursavgifta kun refundert mot at du kan vise til legeerklæring på at du ikkje kan møte på kurset.
Kursavgifta for medlemar i Luster quiltelag er kr 800.
For ikkje medlemmar kr 1300.
Medlemskap kostar 200 kr.
Betal inn på kontonr.
3785. 12.47352.
Gå inn på linken under så får du all info du treng i samband med kurshelg 20 -22 oktober.
kursholdarane er Bente Tufte som held nybyrjarkurs fredag og laurdag, og handsaum på søndag.
Anne Kari frå Quiltebutikken i Arna held ulike kurs fredag, laurdag og søndag.
Meld dykk på og bli med oss på ei triveleg quiltehelg.
Bindande påmelding til Karita.
Her er linken: