Quiltekveld torsdag 27.10 kl 18.00- 22.00 på Gaupne barneskule.

20161011_163551Tema: Snopeskål med Audhild. Mønster på skåle er det Anne -Kari på quiltebutikken i Arna som har laga. Me har me fått lov til å bruke mønstra hennar på denne snopeskåla.

De treng ta med to ulike stoff, eit til yttersida og eitt til innsida, begge på 30cm. De treng også ein blonde eller brei kroklisse til å sy i øvre kanten på skåla. I tillegg treng den vanleg bordvatt, symaskin,tråd som passar til stoffa du har valgt.

Mini utgave av mønsteret.
Mini utgave av mønsteret.

20161011_163557

20161011_163544

Eige arbeid.

Mat: Anny

Quiltekveld 29.09 kl 18 – 22 på Gaupne barneskule

 

Dørane opnast kl 18.00.

Tema: Bosspose med nålepute ved Margrete.

Det blir demo korleis denne skal syast ca kl 19.00 pga at Margrete ikkje har moglegheit å komme før.

Ta med til Bosspose:

2 stoff a 30 cm  eit stoff til ytterstoff og eit til innerstoff, bordvatt, ca 15 cm borrelås, fuglesand el kattesand til bruk inni nålepute, ein bit antiskli til undersida( antiskli- slik ein brukar under tepper for å holde dei på plass, trur ein kan få kjøpe dette på jysk),50 cm stivt band til øvre kant av bossposen( kan bruke slike band som er rundt pakkar). Sysaker og symaskin.

Eige arbeid.

Håpar du kjem og syr med oss denne kvelden.

Vel møtt.

Mat:

 

Regiontreff for Sogn og Fjordane 10. april i Førde

Førde quiltelag inviterer til regionteff for Sogn og Fjordane 10. April på Førde barneskule.

Førde barneskule ligg sentralt til i sentrum, rett nedanfor kyrkja. Det er gode parkeringstilhøve. Adressa er: Elstervegen 1, 6800 Førde.

Treffet statar kl 10.00 med registrering og avslutting kl. 17.00.

Trine Bakke frå Lappemakeriet held inspirasjonsforedrag kl 12.00.

Middag kl 13.30

Utstilling og loddsal er noko av det som står på progammet.

Det er også ulike lappebutikkar ein kan handle hjå på treffet.

Deltakaravgift kr. 250 kr vert betalt ved registrering frå kl 10.00 under treffet.

Bindande påmelding innan 15. Mars til Førde quiltelag v/ Turid Førde Solheim, Langhaugane, 6847 Vassenden.

e-post: tuf.so@hotmail.com