Sykurs på Hagslo 10-12 januar 2020.

Hei, då opnar me for påmelding til kurshelga 10-12 januar på Hafslo barne- ungdomsskulen (fredag, laurdag og søndag) 2020 Luster quiltelag sitt kontonummer er: 3785 12 47352.sjå www.lusterquiltelag.no si heimesida for meir info vedr.medlemsskap. Du melder deg på kurs 1, kurs 2 eller kurs 3.

FRIST FOR PÅMELDING ER 19.DES 2019.

Kurs 1 med Mona Rosvold Bauge; Oldemorsruter

Dette er eit kurs for nybegynnarar der du lærer å sy denne enkle blokka som kun er sydd med rettsaum av oppkutta kvadrat. Enkelt og så blir det såååå flott!!
Det er ei vakker og stilrein blokk ein syr mange av og setter saman, som liknar ei heklerute som i eit ekte oldemorsteppe.

Du vil få hjelp til alt av fargevalg, sammensying og ferdigstilling.

Nb! Om du ikkje vil sy teppe så kan du sy løpar, pute eller eit lite babyteppe i dine fargar.

Kurset har begrensa antall plassar, det er bindande påmelding og kurset kostar 1100 kr for medl. Og 1300 kr for ikkje medl. Betalt kursavgift = påmeldt. Etter betalt kursavgift, så vil du motta meir info om kurset.

kursavgifta dekker 15t kurs på Hafslo barne-og ungdomsskule og eit inspirasjonsføredrag av begge kursholdarane i vakre Bestebakken laurdags kveld. Kursholdarane vil vise nydelege modellar og komme med mange gode tips i Bestebakken denne laurdagskvelden.
Det vil bli servert nydeleg god kveldsmat i Bestebakken til 290 kr, dette kjem i tillegg og kan betalast saman med kursavgifta.

Dersom du treng overnatting denne helga så har Bestebakken gitt oss eit skikkeleg quiltetilbud på kr 1290 kr pr pers inkl frukost laurdag og søndag
Kursholdarane vil også bli buande her og det er i Bestebakken me samlast laurdags kvelden.

Gå inn på www.bestebakken.no og sjå dei vakre og nostalgiske romma du no har mulegheit for å oppleva denne syhelga

Kurs 2 med Merete Ellingsen

På dette kurset lærer me å quilte med linjaler. Linjalane vert opplevd som enklare å quilte med enn vanleg frihandsquilting, det er superkjekt og morosamt. Det er eit kurs der me syr ein stor «prøvelapp», og me lærer oss korleis me enkelt kan gi det vi syr eit heilt anna uttrykk.

Gå gjerne inn på www.sy.no og sjå/få litt tips og inspirasjons til kurset. Dette er eit nybegynnarkurs for korleis quilte med linjaler og linjaltrykkfot til maskina er nødvendig. Merete har laga ein startpakke med linjaler som ho selger før kursstart.

Dette kurset kostar 1100 kr for medl og 1300 for ikkje medl. Inkl insprasjonsføredrag i vakre Bestebakken. Kveldsmat på 290 kr kjem i tillegg og kan betalast med kursavgifta. Her er det begrensa antall plassar!!!
Linjalfot/trykkfor kostar 490 kr og eit sett med linjalar 965 kr. Dette har kursholdar med

Begge kursa har bindane påmelding og det er førstemann til mølla -prinsippet.

Kurs 3 med Mona Rossvold Bauge

Det vert også eit kortare kurs i log-cabin linjal laurd/sønd om nokon er interessert. Det er nok med 2-4 deltakarar, så her får ein god hjelp😊. Kursavgift kr. 700 for medlemmer, 850 for ikkje-medlemmar.
Betal til kontonr., og merk med kurs nr. 3.

Det vert servert nydeleg biffgryte laurdagen under kurset samt kaffi/te , kaker og frukt. Søndagen et me restar og sper på etter behov. Men hugs å ta med ei lita nista fredags kvelden. For spørsmål ring 48141645.

Tidspunkt:
Fredag kl 17-21
Laurdag 10-17, Bestebakken 18- 21
Søndag 10-15

Håpar å sjå deg på kurs

Aktivitetsplan hausten 2019

Hafslo 26.09: Eige arbeid .

Gaupne 10.10: Eige arbeid.

Kurs 18-20 oktober på Hafslo.

Hafslo 31.10: Eige arbeid.

Gaupne 14.11: Demo av sidelinjal av Trude og eige arbeid.

Hafslo 28.11: Karita viser korleis ein syr julestjerner.

God jul.

Kurs 10- 12 januar 2020.

Hafslo 30.01.2020: Årsmøte og eige arbeid.

 

Kurs med Anne Kari 18-20 oktober

Luster quiltelag inviterer til kurshelg på Hafslo barne- og ungdomsskule helga 18-20 Oktober -19.
Me gjentek suksessen frå dei siste åra der Anne-Kari med sin flotte Quiltebutikk frå Arna kjem å held kurs i det du vil sy✂️✂️✂️.

Ho er ein inspirator av dei skjeldne og kreativ som få. Denne helga held ho kurs for nybegynnarar og for dei som er noko meir erfarne med symaskina, bilde av modellane kjem✂️.

Påmeldinga startar mandag 12. August-19 kl 08.00. Påmeldinga er bindende og betalt kursavgift = påmeldt. Det er 21 kursplassaraltså først til mølla….. Det vert eit lite loddsalg, utruleg kjekt om du vil bidra med noko her.

Tid : Fredag: 18/10 kl 17.00 – 21. 00
Laurdag;19/10 kl 10.00- 18.00
Søndag: 20/10 kl 10.00 – 15.00

Laurdag frå kl 18 .00 er det sylan for dei som ynskjer…..då syr du på eiga hand utover kvelden/natta.

Pris: 900 kr for medl
1200 kr for ikkje medlemmar
Kontonr: 3785 12 47352

Påmeldinga di vert bekrefta fortløpande eller dagen etter betalt kurs. Dersom det vert for mange påmeldt/innbetalte kurs, vil dei som har betalt sist, bli refundert. Det er bindande påmelding.

Sjå heimesida vår for info om medlemskap
www.lusterquiltelag.no

Ring 48 14 16 45 for meir info
Velkommen til ei kreativ syhelg✂️❤️