Quiltekveldar

På årsmøtet blei det bestemt at me skal prøve med 2 sykveldar pr mnd. Det blir quilting i Gaupne på barneskulen andre torsdag mnd. Kl 18.00.

Datoar i Gaupne blir;

8 februar, 8 mars, 12 april, 24 mai.

Siste torsdag i mnd blir det sykveldar på Hafslo barne og ungdomsskule i kantina frå kl. 18.30. Ta med innesko.

Datoar på Hafslo blir;

15. Februar, 22 mars, 26 april, 31 mai.

Tema på kveldane er eige arbeid. Ta med mat. Me kokar kaffi og te.

Me syr i lag, om du quiltar eller syr andre ting med maskin er du velkommen til å vere med.

Velkommen til nye og gamle medlemmar.

Syhelg på Voss 2 – 4 februar 2018.

Quiltebutikken ved Anne Kari har leigd heile Park Hotell på Voss helga 2-4 februar og arrengere syhelg, der du kan sy frå fredag til søndag med likesinna.

Luster quiltelag har bestemt at medlemmar som vil reise til Voss på syhelg får dekka kr 1000.

De må sjølv melde dykk på og betale heile summen, så får det etterbetalt 1000 kr frå quiltelaget.

Gå inn på sida til www.quiltebutikken.no og les meir om helga og meld deg på. Når du kjem inn på sida til quiltebutikken, trykk på meny og scroll deg ned til informasjon om syhelg.

Frist for påmeldinga er 31.10, så ikkje dryg med å melde deg på.

 

 

Kurshelga 20 – 22 okt

Til alle som har meldt seg på  kurs, ber me om at du betalar inn kursavgifta snarast og seinast innan 13.okt.  Sidan det er bindande påmelding  blir kursavgifta kun refundert mot at du kan vise til legeerklæring på at du ikkje kan møte på kurset.

Kursavgifta for medlemar i Luster quiltelag er kr 800.

For ikkje medlemmar kr 1300.

Medlemskap kostar 200 kr.

Betal inn på kontonr.

3785. 12.47352.

Kurshelg 20 – 22 oktober Hafslo barne og ungdomsskule.

 

Gå inn på linken under så får du all info du treng i samband med kurshelg 20 -22 oktober.

kursholdarane er Bente  Tufte som held nybyrjarkurs fredag og laurdag, og handsaum på søndag.

Anne Kari frå Quiltebutikken i Arna held ulike kurs fredag, laurdag og søndag.

Meld dykk på og bli med oss på ei triveleg quiltehelg.

Bindande påmelding til Karita.

Her er linken:

Kurshelg 20 okt17