Quiltehelg på Hafslo

Hurrrra, dette kan du ikkje gå glipp av✂️!!!! Påmeldinga er godt igang!!!!!!! Syhelga er for alle, også for deg som ikkje er medlem av quiltelaget👍✂️

Det vert syhelg på flotte Eikum Hotel på Hafslo helga 27. 28. og 29 august 2021.👍👍
Denne gongen er me så heldige å få Merete Ellingsen frå sy.no og quilteloftet på besøk👍Ho tek med butikken og det vert mange ulike demonstrasjonar gjennom helga✂️.

Folded corner clipper demo

Me syr enkle ting så velkommen til nybegynnarar, men om du vil starte på større prosjekt, så er det fullt mogeleg👍✂️.
Her er noko for alle👍👍👍

Merete er ein resar på å quilte små og store prosjekt, samtidig som ho kan mange enkle teknikker som ho gjerne vil vise oss✂️.Me håpar på å få produsert masse fint denne helga👍✂️.
Det som er nytt denne gongen er at det ikkje er lagt opp til ei kurshelg, men ulike demonstrasjonar til ulike tider. Demonstrasjonane kan du følge både på storskjerm og på din eigen mobil. Du bestemmer sjølv om du vil delta på den enkelte demonstrasjon, eller du vil stå over. Denne helga kan du altså få mange nye tips og idear om du blir med, men dei ulike demonstrasjonane bestemmer du sjølv om du vil følgje med på✂️👍.

Merete har med heile butikken som bugnar av flotte stoff, linjaler, små duppedittar, tråd og mange, mange modellar, så dette berre MÅ du få med deg✂️✂️✂️.

Me startar fredag 17- 21, laurdag 09- 18 og søndag 09-15. Laurdagen kan du sy til kl 24.00 på hotellet✂️😉👏. Dørene opnar ca 16.00/16.15.

Det vert god mat alle dagar, kaffimat, lunsj, frukt, noko søtt, middag både laurdag og søndag, i tillegg får du også fri tilgang på kaffi og te heile helga. Koronareglane er ivaretatt👍👍✂️.

Pris er 1500 kr for medl og 1700 kr for ikkje medl. Her er det første mann (kvinne) til mølla prinsippet👍✂️.
Dette er ein knallpris, dette inkluderer kurset og all maten på hotellet👍👍.

Kontonummer: 3785 12 47352, bindande påmelding! Dersom kurset vert avlyst pga korona, så vil du få refundert avgifta frå quiltelaget👍.

Det vert lotteri, 10 kr pr lodd, veldig kjekt om du vil bidra med gevinstar✂️✂️✂️. Det vert også overraskelsar….😉

Dette er ei parafymefri kurshelg, matallergiar må du melda inn til Eikum hotell👍.

Det er gode prisar på overnatting på hotellet, du kan booke direkte med Eikum Hotell på 57680600👍Dersom du ynskjer, så kan du bestille mat laurdagskvelden, her tek me ein opptelling fredags kveld😉

Velkommem til ei triveleg syhelg på Eikum Hotel på Hafslo👍✂️

Nb! Bilda som ligg ved er frå Merete og quilteloftet, sjå desse fantastiske modellane du kan lære deg å sy denne helga…