Vedtekter

Vedtekter for Luster Quiltelag

1. Føremål:

1.1. Laget skal som føremål å vere ein organisasjon til utvikling og inspirasjon for eksisterande og nye utøvarar av lappe -, applikasjon- og quilteteknikk.

1.2 . Å samle lappeinteresserte i eit lokalt lag.

2. Arbeidsområder:

2.1. Opplæring i ulike teknikkar i form av kurs og temakveldar siste torsdagen i månaden.

2.2. Arrangere utstillingar og treff.

3. Medlemsskap:

3.1. Medlemsskapet er ope for alle og gyldig når medlemskontigenten er betalt.

3.2. Medlemmane har stemmerett på årsmøtet.

3.3. Medlemmane får ein reduksjon på kr.100,- på studieavgifta ved lokale kurs i regi av Luster Quiltelag.

3.4. Medlemskontigenten sin storleik vert fastsett av årsmøtet.

4. Årsmøte:

4.1. Årsmøtet vert halde kvart år ved utgangen av januar.

4.2. Innkalling til årsmøtet skjer minst 3 veker på førehand.

4.3. Forslag som ein ynskjer å fremja på årsmøtet må vere styret i hende 10 dagar før møtet.

4.4. Årsmøtet er vedtaksført med dei medlemmane som møter.

4.5. Årsmøtet skal behandla årsberetning, rekneskap, budsjett, val av styre, revisor og eventuelle innkomne forslag.

4.6. Revisor vert valgt for 1 år.

5. Styret:

5.1. Styret vert valgt av årsmøtet og er sett saman av 5 styremedlemar.

5.2. Leiar skal velgast for 1 år om gongen. Dei øvrige medlemane av styret skal velgast for 2 år, men ikkje slik at alle vert skifta ut samstundes.

5.3. Styret konstituerar seg sjølv med kasserar, sekretær og 1 styremedlem.

5.4. Styret er beslutningsdyktig når minst 3 er til stades, leiar har dobbeltstemme.

5.5. Styret må sjølv skaffa nye kandidatar i god tid før årsmøtet.

6. Styrets arbeid:

6.1. Styret skal arbeide i samsvar med vedtektene.

6.2. Leiaren kallar inn til styremøte minst fire gonger årleg.

6.3. Frå møtene skal det skrivast referat.

6.4. Styret lagar halvårsplan som leggast ut på heimesida.

6.5. Leiar og kasserar kan disponera laget sin konto.

6.6. Styret lagar til komotear når det trengst.

6.7. Styret legg fram årsmelding, rekneskap og budsjett på årsmøtet.

6.8. Styret fastset betaling på aktivitetskveldane, kurs o.l.og dei fastset honorar til føredragshaldarar, kursleiarar o.l.

6.9. Styret skal ha rett til på laget sine vegne å arrangere utloddning og evt. salsmesser for å få inntekter til drifta av laget, samt til veldedige føremål.

7. Vedtektsendringar:

Endringar av vedtektene må godkjennast av årsmøtet med 2/3 fleirtal.

8. Oppløysing:

8.1. Oppløysing av Luster Quiltelag kan kun gjerast på årsmøtet med 2/3 fleirtal.

8.2. Ved ei evt. oppløysing av lokallaget vil overskotet tilfalle veldedige føremål.